Ullsheim 22.3.2014:

Postet av Markane IL - Skiskyting den 13. Mai 2015

Mange med god innsats i krinsrenn i skiskyting

Elias Dispen Lødemel og Emilie Flo Stavik. Foto: Margunn Hjelmeset

Elias Dispen Lødemel og Emilie Flo Stavik vann kvar si klasse i krinsrenn i skiskyting på Ullsheim. Foto: Margunn Hjelmeset

Endeleg vart det eit lokalt krinsrenn i skiskyting og totalt 97 ivrige utøvarar var på start på Ullsheim i dag. Heile 21 stilte opp for Markane IL og gjorde god innsats både i løypa og på standplass.

I dei yngste konkurranseklassene (11 år) vart det klassesiger til Emilie Flo Stavik i J11 og Elias Dispen Lødemel i klasse G11. I klasse G11 vart det også fjerdeplass til Daniel Langeset og sjetteplass til Anders Svarstad Hole. Sigurd Fotland Fænn kom på andreplass i G12. Magnus Midthjell Gjørven vart nummer tre i G13 og i same klasse vart også Nikolai Dispen Lødemel nummer seks.

I klasse J14 fekk Markane to på pallen med andreplass til Anne-Marie Roset og tredjeplass til Kari Alsaker. Også i G15 vart det ein frå MIL på pallen med andreplass til Aksel Mathias Meland. Magnus Arntsen vart nummer fem i same klassa.

Odd Sindre Tonning gjekk heilt til topps i klasse G16. Her vart det også fjerdeplass til Håkon Midthjell Gjørven, sjetteplass til Grim Nygård og sjuandeplass til Andreas Halsteinslid. Klassesigrar vart det også til Janne Alsaker i K20-21 og til Georg Kristian Halsteinslid i klasse M18.

Også i dei yngste klassane var MIL godt representert. Mari Sofi Meland, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Sara Annie Bjørnhaug Aarnes deltok i jenter 10 år og yngre medan Sjur Tenden Nesje, Eirik Bjørlo Sandbakk og Håvard Tonning deltok i nybyjarklassa G11-12 år.

I morgon er det klart for KM fellesstart og i tillegg sprint for dei yngste. Her er det endå fleire påmelde enn i dag!

Resultatliste krinsrenn skiskyting sprint Ullsheim 22.3.14




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline