Presque Isle 2.3.2014:

Postet av Markane IL den 2. Mar 2014

Bronse til Jarle Midthjell Gjørven på jaktstarten i jr. VM!

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven gjekk seg opp til bronse på jaktstarten i junior-VM. Arkivfoto: TSN

Jarle Midthjll Gjørven gjekk ut på dagens jaktstart som nummer ni, 53 sek etter gårsdagens vinnar Alexander Povarnitsyn. Jarle gjekk seg jamnt oppover feltet gjennom heile løpet. Sjølv om det vart ein strafferunde på den første serien, gjekk han ut på andrerunden som nummer sju. Han var på dette tidspunktet 58.9 sek etter Fabien Claude frå Frankrike som skaut feilfritt og gjekk fram i leiinga.

På den andre liggjande skytinga skaut Jarle feilfritt og avanserte med det endå ein plass i feltet til ein sjetteplass. Han kappa også inn på teten. Han var no 50 sek etter leiaren Fabien Claude og berre vel 30 sek bak ein pallplass.

På tredje skyting kom det nok ein bom, men sidan berre ein av dei seks fremste skaut feilfritt på denne serien avanserte Jarle no opp på ein femteplass. På den siste skytinga skaut Jarle nok ein perfekt serie og gjekk dermed ut på sisterunden som nummer fire. Differansen fram til Michael Dorfer frå Tyskland som på dette tidspunktet låg på tredjeplass, var berre tre sekund. Halvvegs i sisterunden var det framleis jamn kamp om pallplassen, men inn mot mål slo Jarle til og sikra bronsen med 12 sek margin.

Vinnar av jaktstarten vart Fabien Claude frå Frankrike. Alexander Povarnitsyn frå Russland kom på andreplass, 10.9 sek etter vinnaren. Jarle sikra VM-bronsen då han kom i mål berre 23.8 sek etter Claude. Fjerdeplassen gjekk til Michael Dorfer frå Tyskland, 35,2 sek bak. Nest beste norske vart Tore Leren på ein femteplass, 48.3 sek etter vinnaren med totalt seks rundar.

Dei andre norske plasseringane: Martin Femsteinevik nr 1 og Sondre Kvikne Dotterud nr 28.

Resultatliste jr VM skiskyting Presque Isle jaktstart menn Dato: 2.3.2014

Vi gratulerer med VM-bronse!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.