Myrkdalen 26.1.2014:

Postet av Markane IL den 26. Jan 2014

5. plass til Johan Eirik Meland på sprinten

-Jarle Midthjell Gjørven på 16. plass

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland vart nummer fem på sprinten i Norgescupen i Myrkdalen. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 Det vart Johan Eirik Meland som fekk best plassering av våre på sprinten i DNB cup 4/Statkraft juniorcup 3 i Myrkdalen. Han gjekk inn til ein flott femteplass i klassa for M20/21. Etter feilfri liggjande skyting vart Johan Eirik heilt oppe på ein andreplass inn til den andre skytinga. På ståande skyting vart det to strafferundar, men med god fart i sporet heldt det likevel til ei fin femteplass i mål. Avstanden fram til dagens vinnar, Tore Leren frå Vingelen, var på 26 sek.

Jarle Midthjell Gjørven fekk også to strafferundar, ein på kvar av skytingane. Det var svært jamnt i toppen og i mål heldt dagens løp til slutt til ein 16. plass, 58 sek bak vinnaren Tore Leren som også hadde to strafferundar. Andreplassen i klassa gjekk til Tommy Grøtte frå Trondhjems skiskyttere som berre var 0,7 sek bak vinnaren. Tredjeplassen gjekk til Aslak Nenseter frå Bø SSL, 16 sek bak vinnaren.

Dagens løp var det siste før uttaket til jr. VM.

Tidlegare i dag var dei yngre klassane i aksjon i Myrkdalen. I klasse M17 kom Gaute Bø på 56. plass med totalt sju rundar. Klassevinnar vart Sturla Holm Lægreid frå Bærum Skiklub. I klasse M18 vart Georg Kristian Halsteinslid nummer 44. Han var heilt oppe på ein 17. plass etter feilfri liggjande skyting, men med fire rundar på ståande skyting vart det til slutt ein plass litt lenger ned på lista. Vinnar av klassa vart Mattis Haug frå Fet SK med feilfri skyting. Grunde Breidablik vart nummer 39 i M19 med totalt fire strafferundar. Vinnar her vart Lars Aasheim Svaland frå Birkenes IL.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.