Kategori
Ruhpolding 12.1.2014:
Postet av Markane IL den 12. Jan 2014
Tarjei Bø med 6. plass etter 20 treff på jaktstarten
Tarjei Bø gjekk seg opp 21. plassar på jaktstarten. Foto: NRK, 2011
Tarjei Bø gjekk eit perfekt løp på jaktstarten i Ruhpolding. Etter gårsdagens 37. plass starta han 1 min 40 sek etter Emil Hegle Svendsen. Med fire perfekte skyteseriar og høg fart i løypa gjekk han seg opp heile 21 plassar. På sisterunden var det ikkje mykje som mangla på at Tarjei kunne gått seg heilt fram på pallen, men det vart nokre få sekund for langt fram.
Tarjei hadde i dag nest best langrennstid. Raskast i løypa var Johannes Thingnes Bø. Han gjekk ut på jaktstarten som nummer åtte. Trass ein bom på kvar av dei tre første skytingane gjekk Johannes så fort i løypa at han heldt seg inne blant dei 5-10 beste. På sisteskytinga kom det tre bom. Dermed datt han nokre plassar på resultatlista. I mål heldt det til ein 18. plass 1 min 18 sek etter vinnaren.
Emil Hegle Svendsen vann løpet med feilfri skyting. Jakov Fak kom på andreplass og Evgenij Garanichev på tredjeplass.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.