Kategori
Breim 29.5.2013:
Postet av Markane IL den 3. Jun 2013
Vigdis Sætren og Dag Arne Eide til topps i o-løpet Rotekoppen
Vigdis Sætren vann D17 under Rotekoppen 2013. Foto: Heidi Bakke/NRK, 2008
Markane IL hadde berre to løparar til start då krinsløpet Rotekoppen vart arrangert onsdag 29. mai. Til gjengjeld gjorde desse to det svært så godt då dei gjekk til topps i kvar si klasse. Vigdis Sætren vann den 5 km lange løypa i klasse D17 med 64 min 25 sek medan Dag-Arne Eide vann klasse H17 på tida 58 min 30 sek.
Totalt stilte 41 o-løparar opp i Rotekoppen 2013. Alt til helga kjem neste sjanse til å delta i krinsløp. Då er det klart for k-løp mellomdistanse og Sunnfjordorienteringa. Forhåpentlegvis med endå fleire markarar på startstreken.
Resultatlista for Rotekoppen 2013 er lagt ut nedanfor:
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.