Kategori
Holmenkollen 17.03.2012:
Postet av Markane IL den 17. Mar 2012
Johannes Thingnes Bø-norgesmeister i langrenn!
Johannes Thingnes Bø vann junior-NM i langrenn i Holmenkollen.
Johannes Thingnes Bø vart i dag juniornorgesmeister også i langrenn. Han var klart raskast i sporet under junior- NM i nordiske greiner i Holmenkollen, og vann klassa for menn 19-20 år med eit halvt minutt føre andremann Sindre Skar frå Bærums Verk. Tredjeplassen gjekk til Håvard Solås Taugbøl frå Lillehammer Skiklubb/Team Birken. I same årsklasse vart Jarle Midthjell Gjørven, Markane IL nummer 92.
Markane IL hadde også ein løpar i aksjon i 17 års klassa. Lars Midthjell Gjørven gjekk inn til ein 68.plass. Vinnar av denne klassa vart Eirik Sverdrup Augdal frå Haugsbygd IF.
Resultatliste jrNM ski 2012 Holmenkollen Fri teknikk-alle klasser 17.03.2012
Vi gratulerer Johannes med nok eit NM-gull!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.