Kategori
Ullsheim 28.10.2011:
Postet av Markane IL den 29. Nov 2011
Glimt frå årets premiefest.
Unge skijenter i klassa opp til 8 år mottek premiar på premiefesten. Frå venstre: Marte Gjøvåg Heggestad, Hedda Garlid Hilde, Mari Sofi Meland, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Selma Guddal Breivik, Oda Svarstad Hole og Marie Vollan Skeistrand. Foto: Sigbjørn Kirkeeide.
Årets premiefest vart arrangert på Ullsheim 28.oktober. I løpet av kvelden vart over 200 premiar delt ut. Ikkje minst innan ski vart det delt ut mange premiar. Heile 161 av premiane gjekk til deltakarar på skirenn. Innan ski var premiering for Markane-cupen, lagsrenna i klassisk stil, fri teknikk, slalom og hopp samt dei som stilte opp til merkerenn. Også innan orientering vart det mange som skulle heidrast. Dei beste deltakarane i årets samanlagtcup for nær-o-løpa, lagsmeistrane og dei turorienterarane som klarte merkekrava. Innan skiskyting og friidrett vart det delt ut premie til deltakarane på lagsmeisterskapa og trimgruppa delte ut årets "Sætretroll" til klassevinnarane i årets Sætretrim.
Fleire foto frå premiefesten er lagt ut nedanfor. Alle foto er tekne av Sigbjørn Kirkeeide.
Dei sju deltakarane på lagsmeisterskapet i friidrett mottok velfortente premiar. Frå venstre: Magnus Midthjell Gjørven, Jenny Løvdal Stauri, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Selma Guddal Breivik, Sigurd Fotland Fænn, Oskar Guddal Breivik og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Sigbjørn Kirkeeide
Årets lagsmeister i langrenn klassisk stil: Georg Halsteinslid.
Silje Vollan deler ut premiar til deltakarane i klasse G9 og G10 i lagmeisterskapet i fri teknikk. Frå venstre: Magnus Midthjell Gjørven (delvis skjult), Oskar Guddal Breivik, Sigurd Fotland Fænn, Fredrik Lindvik Nesje og Aleksander Vollan Skeistrand.
Kari Alsaker og Silje Fløtre Reed fekk lysestakar i premie for deltaking i Markane-cupen.
Simon Hjelmeset Kirkeeide, Aksel M. Meland, Magnus Midthjell Gjørven og Magnus Arntsen deltok i klasse G11-12 år i Markane-cupen.
Gaute Bø, Odd Sindre Tonning og Håkon Midthjell Gjørven fekk premiar for deltaking i lagsrenn fri teknikk.
Tobias Bruhn- Henriksen, Anders Svarstad Hole og Jørgen Trøsken fekk julekule og skei for deltaking i lagsrenn fri teknikk
Magnus Midthjell Gjørven, Oskar Guddal Breivik, Sigurd fotland Fænn, Fredrik Lindvik Nesje og Aleksander Vollan Skeistrand fekk skeier i premie for deltaking i lagsrenn fri teknikk.
Kari Alsaker får premie for deltaking i lagsmeisterskap i fri teknikk.
Simon Hjelmeset Kirkeeide mottek premie for lagsrenn i slalom.
Aksel Meland og Magnus Arntsen får premiar for deltaking i klassa G12 i lagsmeisterskapet i fri teknikk.
Odd Sindre Tonning og Håkon Midthjell Gjørven mottek premiar for deltaking i klassa G13 under lagsmeisterskapet i fri teknikk.
Gaute Bø mottok premie for si deltaking i lagsrenn fri teknikk.
Ingvild Hatledal mottok fugl for deltaking i J15HK under lagsrenn i fri teknikk.
Maren Hjelmeset Kirkeeide mottek ein fugl for si deltaking i lagsrenn hopp.
Jørgen Trøsken og Oskar Guddal Breivik får premiar for deltaking i lagsrenn i hopp.
Simon Hjelmeset Kirkeeide får premie for si deltaking i lagsrenn i slalom
Jørgen Trøsken og Anders Svarstad Hole mottek premie for deltaking i klassa gutar 8 år og yngre i Markane cupen.
Maren Hjelmeset Kirkeeide og Hedda Garlid Hilde mottek premiar for lagsrenn slalom.
Jørgen Trøsken får premie for deltaking i lagsrenn i slalom.
Søstrene Maren Hjelmeset Kirkeeide og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide vann kvar si klasse i årets Sætretrim.
Lagsmeisterskap i skiskyting. Frå venstre: Oliver Kirkeeide Næss, Sigurd Fotland Fænn, Oskar Guddal Breivik, Magnus Midthjell Gjørven, Jenny Løvdal Stauri og Liv Rigmor Netland.
Utdeling av "julekrus" til dei med best deltaking på nær-o-løp: Olina Svarstad Heggdal, Katrine Svarstad Heggdal, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Åshild Sætren Bøe, Oda Svarstad Hole, Aslaug Thingnes Bø og Anders Svarstad Hole.
Lagsmeistrane i orientering får premie. Frå venstre: Åshild Sætren Bøe, Bernhard Hole, Klemet Bø, Aslaug Thingnes Bø og Brynhild Sætren
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.