Klubbstipend frå VITAL

Postet av Markane IL den 11. Okt 2010

Det vart ifjor oppretta eit nytt klubbstipend frå Vital.  Kr 50.000,- skal delast mellom dei klubbane som hadde den individuelle vinnaren i 16-årsklassa i Hovudlandsrennet 2010.

Johan Eirik Meland var ein av 4 klassevinnarar, og dermed er Markane IL tildelt kr 12.500,- i stipend.  Vi takkar så mykje !!  Stipendet blir utdelt under ein middag ilag med landslaga på Beitostølen den 13. november.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.