Bra innsats i Ørstarittet

Postet av Markane IL den 26. Jul 2009

Laurdag 25. Juli blei det årlege Ørstarittet arrangert. Dette er eit landevegsritt på 107 km, og det var 2 deltakar med ifrå Markane IL

Henning Heimlid og Kjetil Svarstad var godt nøgde med dagen etter at dei kom i mål på 3. og 4. plass i klassen sin, og berre 17 minutt bak hovudfeltet. Totalt var det berre 13 personar som kom i mål føre dei, og det er ein god debut for dei 2 syklistane. Dette er det første sykkelrittet deira på landeveg og dei var med for å lære. Hadde dei hatt litt meir erfaring hadde dei nok vore med hovudfeltet litt lenger. Dei la seg for langt bak i starten, og klarte ikkje å tette alle lukene som blei mellom dei og hovudfeltet. Men til slutt kom dei i ei gruppe på 9 personar som samarbeida godt heile vegen til mål.   

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.