Bli ein god løypeleggar- temadag 8. mars

Postet av Markane IL den 13. Feb 2008

Sogn og Fjordane Orienteringskrins inviterer deltakarar frå alle klubbar til Skei Servicenter lørdag 8. mars 2008, der det blir temadag om løypelegging. Meld fra til krinskontoret ved Gunnar Gytri innan fredag 29. februar dersom du vil delta.

O-løyper- la det bli ei positiv oppleving i alle arrangement i 2008 !

Bli ein god løypeleggar - temadag 8 mars

(04.02.2008)

Kl. 10.00 Frammøte
Kl. 10.00-12.30 Løypeleggarteori og ulike praktiske oppgåver, m.a. ein tur i terrenget ved Skei skule der vi ser på postplassering ved ulike postdetaljar.
Kl.12.30 Matpause

Kl 13.00-13.30 Spørsmål/tema som deltakarane ønskjer å ta opp

Kl.13.30 Dataassistert løypelegging -bruk av Ocad sitt løypeleggarprogram
Kl.14.30-13.45 Samarbeid med TD ( teknisk delegert) om gode løyper - avslutning kl.14.45.

Påmelding: Meld frå til krinskontoret ved gunnar.gytri@orientering.no innan fredag

29. februar dersom du vil delta.

Avgift: Kr 200 pr. deltakar. NB; ( dekker møterom, kaffi/ te og rundstykke, reise instruktørar)

Løypeleggarboka 2007: Alle får denne utdelt gratis på temadagen

Utstyr: Ta gjerne med eigen pc med ocad-programvare installert, men det er ikkje eit

behov for å delta.

Instruktørar: Sverre Aasen og Gunnar Gytri


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.