Fantastisk sesongopning av Tarjei

Postet av Markane IL den 11. Nov 2006

Tarjei leverte eit kjempeløp under sesongopning på Beitostølen Med god fart i sporet og to fulle hus på skytinga tok Tarjei ein flott 7. plass under Beitosprinten.  Med namn som Egil Gjelland på plassen føre og Arnstein Mykland og Halvard Hanevold på plassane bak må vi seie at Tarjei imponerer.  Han har tross alt 3 sesongar igjen som junior. Tarjei vart godt profilert gjennom sendinga, og med intervju, så Markane IL vart igjen profilert flott utad.  Vi gratulerer! - og ynskjer lukke til med fellesstart i morgon.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.