Stryn 3.10.2014:

Postet av Markane IL den 4. Okt 2014

Markane IL tildelt Frivillegprisen 2014

Markane IL tildelt Frivillegprisen 2014. Foto: Fjordingen

Eldbjørg Hatledal mottok Frivillegprisen frå Anders Magne Vik og Marit Sandnes Skrede i Stryn frivillegsentral. Foto: Fjordingen

Markane IL vart under Strynemessa fredag tildelt Frivillegprisen 2014 frå Stryn frivillegsentral. Eldbjørg Hatledal mottok prisen på vegne av laget.

I grunngjevinga heiter det: "

Årets frivilligpris, går til ein kandidat som ikkje berre gjev lokal merksemd, men nasjonal, ja sågar internasjonal merksemd, og dette laget vart skipa allereide i 1905.

Dette laget har fokus på barn og unge på alle nivå. Og deira motto er: «Idrett for alle frå bredde til topp». Dette laget har verkeleg klart å vidareføre dei gode gamle tradisjonane om samarbeid og dugnad.

Dei har i dag ei stor bredde med mange medlemmer, 8 ulike aktivitetar/idrettsgrupper i sin «stall» Laget starta allereie i 1977 med planlegging og bygging av blant anna ei 3 km lang lysløype.

I 1982 blei det bygd klubbhus med garderober, og sidan er anlegget ytterlegare bygd ut og har status som fylkesanlegg både for skiskyting og langrenn.

Det er mange mange menneske som har vore med på utviklinga og fremdrifta i laget, og desse personane har skapt eit anlegg og eit miljø det står respekt av.

Anlegget og løypene oppfyller kravene til Det internasjonale skiforbundet, derfor kan dei arrangere både lokale, nasjonale og internasjonale meisterskap. I 1996 var anlegget arena for Norgesmesterskapet på ski, i 2004 for verdensmeisterskap i junior langrenn og for NM skiskyting 2008. Ullsheim er også ein sentral utfartsstad til turterreng med rundt 40 km turløyper i området mellom Ullsheim og Stryn. Området er også tilrettelagt for skileik.

Ja, no har de vel alle forstått att dette gjeld Markane Idrettslag .

Om noværande leiar Elbjørg Hatledal er det sagt at ho er stabil i leiarvervet. Ho har syn for alle deltakarar, ho er primusmotor for Idrettslags basaren som gjev mange inntekter til laget. Ho sørger for rammene og tradisjonen i laget.

Vi ber noverande leiar i MARKANE IDRETTSLAG Elbjørg Hatledal som har vore leiar i snart i 10 år, kome fram å motta Frivilligprisen for 2014."


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.