Voss 29.3.2014:

Postet av Markane IL den 29. Mar 2014

6. plass til Johannes Thingnes Bø på NM-fellesstart

-Johan Eirik Meland nr 11 og Jarle Midthjell Gjørven nr 24 i  M20-21

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland vart nummer 11 på fellesstarten i M 20-21. Foto: TSN

 Johannes Thingnes Bø vart nummer seks på fellesstarten i NM i dag. Han skaut fullt på første liggjande skyting, men måtte ut i tre strafferundar etter den andre serien. Då det i tillegg kom to rundar til på den siste skytinga heldt det ikkje heilt eit plassering heilt i toppen denne gongen. Fram til vinnaren skilde det 1 min 47 sek.

Fellesstarten vart vunnen av Kristoffer Langøien Skjelvik frå Os IL. Sølvet gjekk til Vetle Sjåstad Christensen og bronsen til Erlend Bjøntegaard.

Det var også finalar i Norgescupen. Johan Eirik Meland vart nummer 11 i klasse M20-21. Den første ståande skytinga øydela sjansen til ei plassering heilt i teten med fire strafferundar. I tillegg hadde han ein bom frå andre ståande. I mål skilde det 1 min 50 sek opp til vinnaren Håkon Svaland. Andreplassen gjekk til Tore Leren og tredjeplassen til Henrik Sagosen Sagby. Jarle Midthjell Gjørven kom på 24. plass med totalt fire strafferundar.

NM vert avslutta i morgon med stafettar.

Resultat NM fellesstart menn senior. Voss 29.3.2014 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.