Ny fjerdeplass til Johannes Thingnes Bø

Postet av Markane IL den 6. Mar 2016

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til ein ny fjerdeplass på jaktstarten i VM etter å ha tapt spurtduellen mot Emil Hegle Svendsen på sisterunden.

Det såg lenge lovande ut for medalje til Johannes Thingnes Bø på jaktstart, men på sisterunden glapp medaljen til fordel for lagkamerat Emil Hegle Svendsen som sikra bronsen.

Johannes gjekk ut som fjerdemann på dagens jaktstart under VM i Holmenkollen, 35 sek etter gårdagens vinnar Martin Fourcade. Johannes opna bra og låg på andreplass etter ei feilfri første skyting. Men på den andre liggandeskytinga kom to bom. Dermed datt plasseringa heilt ned til ein 11. plass. Tidsdifferansen fram til pallplassane var derimot ikkje så stor.

Med feilfri tredje skyting gjekk Johannes seg på nytt inn i medaljekampen. På siste skyting var mange løparar med i medaljekampen. Johannes fekk ein bom på siste skyting. Det same gjorde Emil Hegle Svendsen og dei to gjekk ut på siste runden praktisk talt likt.

Martin Fourcade var også i dag suveren til trass for tre bom på dei ståande skytingane. Ole Einar Bjørndalen sikra seg ein ny sølvmedalje. Bronsekampen var avgjort i den siste kneika opp. Då synte Svendsen gode, gamle takter og sette inn eit rykk som gav han dei nødvendige metrane på Johannes før oppløpet. Dermed vart det nok ein fjerdeplass til Johannes.

Tarjei Bø hadde eit dårleg utgongspunkt før jaktstarten då han gjekk ut på 54.plass og var 2 min 9 sek etter Fourcade. Han gjekk eit betre løp i dag og sjølv om det vart tre bom totalt gjekk han seg opp til ein 31.plass.

Neste medaljesjanse kjem på 20-kilometeren på torsdag.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.