God innsats i Hovedlandsrennet 2016

Postet av Markane IL den 2. Apr 2016

Simon Hjelmeset Kirkeeide fekk best plassering av dei lokale deltakarane med ein åttandeplass på normaldistansen i 16.

Med totalt tre bom var Simon var 1min 20 sek etter klassevinnaren Eirik Horten frå Os IL som skaut feilfritt. Andreplassen gjekk til Christian Bucher-Johannesen som berre var 0,9 sek etter vinnaren med eitt tillegg på standplass. Mats Øverby frå Lier IL tok tredjeplassen, 14.9 sek etter med to fulle hus. Også Magnar Lødemel frå Hornindal IL leverte eit toppløp og kom på niandeplass, 1 min 29 sek etter med to fulle hus.

I klasse J16 vart det 26.plass til Anne Marie Roset. Med totalt tre tillegg på standplass var ho 4 min 18 sek etter klassevinnar Åsne Skrede som tok ein suveren siger. Ho var heile 1min 27 sek før nummer to, Benedicte Stien Schreiner. Augusta Idland frå Figgjo tok tredjeplassen, 2 min 7 sek etter vinnaren. Kari Alsaker frå Markane IL kom på 32.plass. Ho var 5 min 5 sek etter vinnaren med totalt fire tillegg. Inger Ringdal Sæter frå Sunnylven gjekk eit svært godt løp i J16 og kom på åttandeplass. Ho var 2 min 38 sek etter vinnaren med totalt to tillegg på standplass.

Markane hadde ingen deltakarar med i 15-årsklassen, men Martin Aaland frå Hardbagg IL og Magnus Seljeset frå Hornindal IL sørga for god lokal innsats også i denne klassa med ein 13. og ein 15.plass.

Foto(Nordfjord Team): Martin Aaland, Anne Marie Roset, Magnar Lødemel, Inger Ringdal Sæter, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Kari Alsaker og Magnus Seljeset.

2016-01-04-HL-Resultat-Gutter-16-offisiell normaldistanse.pdf

2016-01-04-HL-Resultat-Jenter16-offisiell normaldistanse.pdf

2016-01-04-HL-Resultat-Gutter15-offisiell normaldistanse.pdf





Kommentarer

0 Kommentar

Captcha
eller registrer deg
Levert av IdrettenOnline