Innbyding til KM skiskyting 12. og 13.januar 2019

Postet av Markane IL den 23. Des 2018

Helga 12. og 13.januar vert det KM skiskyting på Ullsheim. Laurdag er det sprint for alle klassar medan søndag er det fellesstart for klassane 13 år og oppover og sprint for dei yngste.

Påmelding innan 8.januar.

Innbyding med alle detaljar finn du her:

Innbyding til KM skiskyting 12. og 13.januar 2019



0 Kommentar

Krinsrenn på Ullsheim søndag 16.12

Postet av Markane IL den 10. Des 2018

På grunn av snømangel i Sogn vert det krinsrenn i fri teknikk på Ullsheim søndag 16.12 frå kl.1200


0 Kommentar

Årsmøte i Markane IL tysdag 11.desember kl.1900

Postet av Markane IL den 14. Nov 2018

Det vert årsmøte i Markane IL tysdag 11. desember kl.19.00 på Ullsheim.

Innkomande saker må meldast til styret seinaste tysdag 27.november enten skriftleg til styret eller på epost til antoniak@online.no

Saklista vert lagt ut på heimesida ei veke før møtet. Sakliste og eventuelle vedlegg vert også sendt ut til alle medlemmar med registrert epostadresse ei veke før årsmøtedatoen.

Velkomne!


0 Kommentar

Bestilling av lagsdrakter NB! Innan 12.november!

Postet av Markane IL den 7. Nov 2018

Du kan no logge deg inn på nettbutikken "Original.no" og bestille dei nye klubbdraktene - sjå under. Det er dessverre sett ein MEGET KORT FRIST - MANDAG 12. NOVEMBER STENGER DEN for bestilling!!!

Dessverre kjem ikkje draktene til jul, men vi håper på levering i  løpet av januar 2019. Det er ikkje mogleg å bestille før til våren igjen!

 FRIST ER MANDAG 12. NOVEMBER - då vert nettsida stengt.

Sport 1 - Ytre Eide sport har fått drakter, slik at det er mogleg å prøve storleikar der. Dei har også langope førstkomande torsdag til kl. 22.00. 


Har dykk spørsmål,  kan Beate på Sport1 kontaktast. 

Her er ein youtube som viser korleis du kan bruke nettbutikken: https://www.youtube.com/watch?v=_Y3FV8_wFQM


0 Kommentar

NB! Endra tidspunkt: Premiefest søndag 18.november kl.1800

Postet av Markane IL den 29. Okt 2018

Det vert premiefest i Markane IL for sesongen 2017/2018 søndag 18.november kl.1800.

Premieutdeling i ski, skiskyting, orientering og trim. 

Alle tek med litt mat til festen. Elles vert det servert pølser og saft/kaffi.

Vel møtt!


0 Kommentar

Innbyding til Idrettens møteplass

Postet av Markane IL den 7. Okt 2018

Sogn og Fjordane idrettskrins innbyr til Idrettens møteplass 28.oktober.

program-idrettens-moteplass-2018.pdf


0 Kommentar

Idrettslagsbasar i Skogstjerna 30.september kl.1500

Postet av Markane IL den 24. Sep 2018

Den årlege idrettslagsbasaren blir søndag 30.september i Skogstjerna frå kl.15.00.

Loddsal - åresal.

Enkel, gratis servering.

Gevinstar til lodd- og åresalet tek vi med takk i mot. 

Vi vil gjerne vite om desse på førehand - særleg gevinstar til loddbøkene.

Ring tlf. 97 07 66 95 - Eldbjørg.


Så vonar vi på fullt hus og god basarstemning i Skogstjerna 30.september!


Styret i Markane Idrettslag

v/ leiar Eldbjørg Hatledal


0 Kommentar

Anleggsarbeid på Ullsheim

Postet av Markane IL den 20. Sep 2018

Dei neste vekene vert det ein del anleggsarbeid på Ullsheim i vekene framover. Det blir mest i den lengst lysløypa, men også litt trafikk på den delen av rulleskiløypa som også er skogbilveg.

Vi oppmodar alle som ferdast i området, om å vere merksame og forsiktige!


0 Kommentar

Markanebadinga

Postet av Markane IL den 17. Sep 2018

Markanebadinga er i gang igjen på måndagane. Kvar måndag framover vert det bading i Stryn symjehall frå kl.1900-2000.

Alle som deltek, må vere medlem i Markane IL.

Nye medlemer er velkomne!

Vel møtt!



0 Kommentar

O-helg i Sogndal 31.august-1.september

Postet av Markane IL den 20. Aug 2018

31.august og 1.september er det klart for stor o-helg i Sogndal. 

Fredag 31.august er det Sogndalssprinten med start mellom 17.30 og 18.00.

Laurdag 1.september er det klart for krinsløp i langdistanse. Det vert samling på Sogndal skisenter kl.1500.

Denne helga er det også o-leir og ungdomssamling for dei mellom 8 og 18 år på Hodlekve (SIL-hytta)

Innbydingane finn du under:

Innbyding o-leir Sogndal (1).pdf

Sogndalssprinten 2018 - innbydelse.pdf

KM langdistanse - innbydelse.pdf


0 Kommentar

Nær-o-løp på Sølvberg

Postet av Markane IL den 20. Aug 2018

Det vert nær-o-løp på Sølvberg i regi av IL Veten torsdag 16.august kl. 1800.

Løyper for alle.

Vi minner om at dei som deltek på halvparten av årets løp, vinn samanlagtpremie!

Vel møtt!


0 Kommentar

Innbyding til O-trolleir på Langeland 17.-18.august

Postet av Markane IL den 20. Aug 2018

Førde I.L. Orientering inviterer til Rekruttleir og O-Trolleir på skihytta på Langeland 17.-18. august.

Frammøte på Langeland fredag 17 august kl. 17.30. Rekruttleiren er for barn i alderen fra og med 7 år til og med 11 år, og har ikkje overnatting. O-trolleiren høver best for aldersgruppa ca. 12 – 14 år og har overnatting.

Vi vil tilpasse samlinga til både dei som er nybyrjarar og dei som har prøvd orientering før, så ved påmelding er det fint om du oppgjev alder og om barnet har erfaring med orientering, eventuelt har delteke på o-skule og/eller nærløp. 

O-TROLLEIR 2018 (1).pdf


0 Kommentar

Resultat frå nær-o-løp og lagsmeisterskap på Sindre

Postet av Markane IL den 29. Jun 2018


I alt 27 deltakarar stilte opp då Markane arrangerte nær-o-løp ved Sindre torsdag 21.06.2018.

Løpet var også lagsmeisteskap for Markane. 

Vigdis Sættem vann dameklassa medan herreklassen vart bunnen av Steinar Eastwood frå Lillomarka O-lag med Gisle Bøe på andreplass.

Komplett resultatliste finn du nedanfor:

Resultat frå nær-o-løp og lagsmeisterskap 21.06.2018


0 Kommentar

Resultatliste frå Postvegløpet 2018

Postet av Markane IL den 6. Jun 2018

Her er resultatlista frå Postvegløpet 2018:

Resultatliste frå Postvegløpet 6.6.2018


0 Kommentar

Innbyding til Postvegløpet 2018

Postet av Markane IL den 1. Jun 2018

Onsdag 6. juni arrangerer Markane IL det tradisjonsrike Postvegløpet. Løpet har start og innkomst ved ungdomshuset Skogstjerna i Markane og går over 6 km på grusveg, skogsveg og noko sti.

I år er løypa lagt om lengst aust og går på delar av den opprinnelege Postvegen på sørsida av traseen ein har brukt tidlegare. Det vert hengt opp løypekart ved Skogstjerna på løpsdagen. Du kan også laste det ned på lenka lenger ned på sida.

Påmelding frå kl 17.00. Klasse utan tidtaking start frå kl 18.00.

Konkurranse klasser startar kl 19.00. Påmelding frå kl 17.00.

 

Kom og spring (eller gå)!



Premier

Klasseinndeling

1/3 i kvar klasse + fine premiar uttrekte på startnummer

Gutar/jenter 13-15 16-18, M/K 19-34, 35-49, 50-59, 60-69, 70- Anna klasseinndeling i karusellen.

Kommentar

Beskrivelse

Konkurranseklasse opp til 18 år kr. 50,- 19 år og over: kr 100,-. Trimklasse utan tid kr 50,-. Familie trim 150,- Trimklasse start frå kl 18.00

Inngår i Nordfjordkarusellen. Alle som fullfører 4 løp får premie. Premiering etter det siste løpet i karusellen. Premie ved 4 fullførte løp. Premiane er lokalt handverk.

 

Navn

Telefon

Mobil

Epost

Kontaktpersoner 1

Eldbjørg Hatledal

97076695

eldbjorg.hatledal@gmail.com



Løypekart Postvegløpet 2018


0 Kommentar

Innbyding til KM mellomdistanse og Sunnfjordorienteringa

Postet av Markane IL den 8. Mai 2018

Førde I.L inviterer til to spennande orienteringsløp på Langeland.

Nytt i år er at dei ynskjer å gjere Sunnfjordorienteringa litt meir spennande, den blir arrangert som jaktstart etter resultatet frå KM Mellomdistansen på lørdag. 

Meld dykk på innan 24.mai. 

Meir informasjon i innbydinga;

Innbyding til KM mellomdistanse og Sunnfjordorienteringa 26. og 27.mai. 2018


0 Kommentar

Resultat frå nær-o-løp nr 1

Postet av Markane IL den 4. Mai 2018

Her er resultalista frå sesongens første nær-o-løp som vart arrangert av Markane IL 3.mai med start frå Markahall.

Det var 36 deltakarar, hovudtyngda av desse gjekk gjennom N-løypa på 1,9 km.

Elles så sakna vi mange faste deltakarar.

Ansvarleg for løpet var Per Øen

Medhjelparar var Jon Kjøs og Henning Heimlid.


Resultatliste frå nær-o-løp nr 1 Dato: 03.05.2018


0 Kommentar

Innbyding til krinsløp sprint i Stryn sentrum og o-samling

Postet av Markane IL den 20. Apr 2018

Markane IL og IL Veten innbyr til krinsløp i Stryn 29,april. Det vert sprintløp i Stryn sentrum. Det blir merka frå rv. 15 og rv 60. Første start kl.1230. (For løype 1 er det 15-20 min å gå til start. Start ved samlingsplass for løype 2)

Påmelding på Eventor innan 26.april

28.april-29.april  vert det også o-samling for born og unge i regi av IL Veten og Sogn og Fjordane o-krins på Nordfjord Fritidssenter. Påmelding innan 23.april i Eventor


For detaljar sjå vedlagde innbydingar


Innbyding til krinsløp 29.4 i Stryn

Innbyding til o-samling 28.4




0 Kommentar

Resultatliste frå lagsrenn i klassisk stil 10.04.2018 på Ullsheim

Postet av Markane IL den 19. Apr 2018

Her er resultatlista frå lagsrenn i klassisk stil som vart arrangert på Ullsheim tysdag 10.april

Resultatliste frå lagsrenn klassisk 10.04.2018


0 Kommentar

Lagsmeisterskap i klassisk stil

Postet av Markane IL den 6. Apr 2018

Det vert lagsmeisterskap i klassisk stil tysdag 10.april på Ullsheim. Påmelding frå kl. 1800


Vel møtt!


0 Kommentar

Resultat frå lagsmeisterskapet i skiskyting

Postet av Markane IL den 3. Apr 2018

Her er resultata frå lagsmeisterskapet i skiskyting, hopp og slalåm:

Resultat LM skiskyting, hopp og slalåm


0 Kommentar

Lagsmesterskap i skiskyting, hopp og slalom 2.april 18

Postet av Markane IL den 31. Mar 2018

Måndag 2.påskedag er det lagsmesterskap i skiskyting, hopp og slalom på Ullsheim. Innskyting frå og påmelding frå kl 12.00. Start skiskyting kl 13. Det blir og ei eiga foreldreklasse. 

Lagsmesterskap hopp og slalom går etter skikskytinga. 

Etter dette blir det ei sosial samling med grilling, kaffi og kaker mv og ei lita markering av dei flotte resultata mange av utøvarane våre har oppnådd i vinter. 


0 Kommentar

Cuprenn i klassisk stil tysdag 13.mars

Postet av Markane IL den 13. Mar 2018

Det vert cuprenn nr 6 tysdag 13.mars. Dette er sesongens siste! 

Klassisk stil, enkelstart for alle klassar!


Påmelding frå klokka 17.50, fyrste start ca klokka 18.30 / 40
Velkomne alle saman!



0 Kommentar

3.plass i Ungdomsbirken til Maren Hjelmeset Kirkeeide

Postet av Markane IL den 11. Mar 2018


Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til tredjeplass under Ungdomsbirken. Foto: Privat

Ungdomsbirken på ski gjekk av stabelen søndag, og alle dei tre Markaneløparar som deltok viste strålande innsats.

Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra seg bronse i klasse jenter 15 år då ho gjekk inn til tredjeplass på distansen over 17 kilometer, klassisk stil. Det var svært jamt og opp til 1. plassen var det berre sju sekund.

Emilie Flo Stavik gjekk inn til ein flott 14. plass i same klasse. Det var heile 154 løparar på startstreken i klassen.

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide vart nummer 28 blant 202 løparar i klasse jenter 13 år.


0 Kommentar

Bronse i junior-NM

Postet av Markane IL den 11. Mar 2018

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til bronse i junior-NM. Foto: Steinkjer skiklubb

Simon Hjelmeset Kirkeeide  var 28 sek bak vinnaren i 18 års-klassa på 10 km friteknikk under jr. NM i Steinkjer. Klassesiger gjekk til Iver Tildheim Andersen medan David Thorvik vart nr 2, 15 sek etter vinnaren.

Vi gratulerer!


0 Kommentar

Sølv til stafettlaget på HL skiskyting

Postet av Markane IL den 11. Mar 2018

Gunn Kristi Tvinnereim, Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik gjekk inn til sølv på stafetten i J15-16 under Hovudlandsrennet. Foto: Nordfjord Team

 

Det vart ein svært spennande stafett under hovudlandsrennet i skiskyting søndag. I klassen jenter 15-16 år vart det spurtoppgjer mellom Sogn og Fjordane og Rogaland om gullet.

Emilie Flo Stavik gjekk ut som tredjemann på den siste etappen etter at Maren Hjelmeset Kirkeeide og Gunn Kristi Tvinnereim hadde lagt eit godt grunnlag på sine etappar. Ho gjekk eit kjempeløp og avanserte til sølvplass, 20 sekund bak Rogaland, ut frå siste skyting.  Emilie kom opp i ryggen på Rogaland og Herborg Idland på veg inn på stadion. Dessverre vart  Idland eit lite knepp for sterk på oppløpet, men ein flott sølvmedalje vart det til jentene frå Sogn og Fjordane.

Også 2. laget gjekk ein svært god stafett og sikra premieplass som 7. lag i mål. På dette laget gjekk Hedda Garlid Hilde, Ingrid Heggen og Turi Lise Totland.

Det vart også medalje til gutelaget i klasse G15-16. Dei gjekk inn til bronse. På dette laget gjekk Bendik Vereide, Magnus Skeide Bakke, Lasse Flo Bødal og Oskar Guddal Breivik. I G15 kom Sogn og Fjordane sitt lag på ein 10.plass. På laget gjekk Patrick Isene, Hallvard Engeset Woldsund, Tord Sølvberg og Sondre Roset.

Fleire lokale resultat:

Normaldistanse:

J15

5. Maren Hjelmeset Kirkeeide

6. Emilie Flo Stavik

17 Hedda Garlid Hilde

 

J16

5. Gunn Kristi Tvinnereim

13 Oselie Henden

19 Ingrid Heggen

G15

8 Tord Sølvberg

16 Magnus Skeide Bakke

G16

3 Lasse Flo Bødal

12 Oskar Guddal Breivik

Sprint:

G15

21 Magnus Skeide Bakke

G16

12 Lasse Flo Bødal

41 Oskar Guddal Breivik

J15

12 Maren Hjelmeset Kirkeeide

13 Emilie Flo Bødal

25 Turi Lise Totland

30 Hedda Garlid Hilde

J16

12 Oselie Henden

16 Gunn Kristi Tvinnereim



0 Kommentar

Cuprenn i skicross tysdag 27.2.2018

Postet av Markane IL den 27. Feb 2018

Det vert cuprenn på Ullsheim tysdag 27.februar.
Skicross - valfri teknikk.
Påmelding frå klokka 17.50.
Kr 50.- pr start
Velkomne!



0 Kommentar

Emilie Flo Stavik gjekk inn til sølv på sprinten i Hovudlandsrennet

Postet av Markane IL den 25. Feb 2018


Emilie Flo Stavik tok i dag sølv på sprinten i Hovudlandsrennet på Lygna.

Etter ein sterk proglog med beste tid i klasse J 15 år var ho med å kjempa om sigeren, og gjekk til slutt inn til ein sterk sølvmedalje.

Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på ein flott 10. plass i same klasse.  

Oskar Guddal Breivik  gjekk vidare frå prologen i G16, og vart nr 23.

Også Gunn Kristi Stensaker (Hardbagg IL) gjekk vidare frå prologen. Ho vart  nr 27 i J16.


Alle resultat frå Hovudlandsrennet finn du her: https://www.skiforbundet.no/hl...


0 Kommentar

3.plass til Aksel Mathias Meland på NC i Molde

Postet av Markane IL den 25. Feb 2018

Pallen i M19 på normaldistansen under NC Molde:  Aksel Mathias Meland på 3 plass, Simen Hårstad, Rennebu nr 1 og Kristoffer Sørnes, Lier nr 2. Foto: Nordfjord Team

Laurdag 24.februar var det normaldistanse under NC i Molde. Mange løparar frå Nordfjord Team var i aksjon. Dagens pallplass stod Aksel Mathias Meland for då han kom på tredjeplass i klasse M19. Han var i teten inn til siste skyting med feilfri skyting på dei tre første skytingane. To bom på den siste serien gjorde at det til slutt vart tredjeplass.


Resultata til dei andre lokale utøvarane ser du her:

(For å sjå fotoet i større format kan du opne det i ei anna fane)



Fullstendige resultatlister ligg  på: :http://live.eqtiming.com/38604#result

 



0 Kommentar

Sølv på stafetten i OL!

Postet av Markane IL den 25. Feb 2018

Både Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk på det norske herrelaget som sikra seg OL-sølv på skiskyttarstafetten i Pyeongchang.

Lars Helge Birkeland gjekk på 1. etappe og veksla med Tarjei Bø. Tarjei måtte bruke alle tre ekstraskota på begge skytingane, men heldt Norge inne i kampen om medaljene.

Tarjei veksla med Johannes, som nok ein gong gjekk eit flott løp. Fullt hus med berre eitt ekstraskot gjorde at han veksla med Emil Hegle Svendsen på ein delt førsteplass med Sverige.

Stafetten vart avgjort på siste skyting at der  Svendsen pådrog seg strafferunde, medan svensken fylte under vanskelege skyteforhold. Dermed vart det sølvmedalje på det norske laget. For Tarjei  var dette den første OL-medaljen i desse leikane. Johannes får med seg eitt gull og to sølv heim.

Vi gratulerer!



0 Kommentar

Resultat frå cuprenn 4 i fri teknikk 13.2.2018

Postet av Markane IL den 22. Feb 2018

Tysdag 13. februar vart det fjerde cuprennet for sesongen arrangert på Ullsheim. Rennet gjekk i fri teknikk.

Her er resultatlista:


Resultatliste cuprenn 4 i fri teknikk 13.12.2018


0 Kommentar

OL-gull i blanda stafett!

Postet av Markane IL den 20. Feb 2018

Johannes Thingnes Bø gjekk tredje etappe på det norske laget som tok sølv i blanda stafett under OL i Pyeongchang

Johannes fekk eit vanskeleg utgangspunkt då han gjekk ut på  sin tredje etappe. Tiril Eckhoff hadde sjansen til å ta inn på teten då laga i front måtte ty til ekstraskot på 2. etappe, men i staden måtte ho ut i ein strafferunde og veksla med Johannes 1.23 minutt bak leiarlaget.

Alt etter ein liten kilometer på sin etappe hadde Johannes teke inn sju sekund på det tyske laget. Ut frå skyting var avstanden igjen på 1.23, men opp til bronsemedaljen var det berre 20 sekund. Etter den siste skytinga var det plutseleg berre 15 sekund opp til sølvet. Til veksling kom Johannes likt inn med Italia og Frankrike, halvminuttet bak Tyskland.

Ein strålande etappe av Johannes, som verkeleg gjorde jobben på sin etappe.

Emil Hegle Svendsen gjekk ein solid siste etappe, og då Tyskland og Italia sprakk på siste ståande  sikra han det norsk sølvet 20 sekund bak Frankrike.

Det norske laget var sett saman av Marte Olsbu, Tiril Eckhoff, Johannes Thingnes Bø og Emil Hegle Svendsen.

Vi gratulerer!


0 Kommentar

OL-gull til Johannes Thingnes Bø!

Postet av Markane IL den 15. Feb 2018


Johannes Thingnes Bø sikra seg OL-gull då han vann normaldistansen i Pyeongchang.

Johannes skaut på seg ein bom på første skyting og ein bom på tredje. Med fullt hus på ståande og høg fart i løypa hamna han likevel i gullkampen då Martin Fourcade som hadde fullt på dei tre første skytingane skaut på seg to minutt på siste ståande.


Tarjei Bø var også med i gullkampen fram til siste skyting, men enda på ein 12.plass etter å ha skote på seg to minutt på siste ståande.


Vi gratulerer Johannes med OL-gull!


0 Kommentar

Cuprenn i fri teknikk tysdag 13.2.2018

Postet av Markane IL den 12. Feb 2018

Det vert cuprenn på Ullsheim tysdag 13.februar. 

Påmelding frå klokka 17.50, og fyrste start ca. klokka 18.30.

Rennet går i fri teknikk.

Vel møtt!


0 Kommentar

Resultat frå Tverrfjelldilten 2018

Postet av Markane IL den 10. Feb 2018

Her ligg resultata frå Tverrfjelldilten 2018:

Eqtiming


0 Kommentar

LØYPERAPPORT LAURDAG 10. FEBRUAR KL. 07.30

Postet av Markane IL den 10. Feb 2018

Det er 0 grader på Ullsheim, minus 1 grad på løypa sitt høgaste punkt. Det har snøa 5 cm på Ullsheim og ca 10-15 cm høgare oppe. Det er fuktig nysnø som kan føre til smurningsproblem. Rubb, Ceroski eller felleski er sikkert tingen i dag. Været er stabilt, truleg ikkje meir nedbør. 

Per Hatledal ( løypesjef )

10 februar 2018


0 Kommentar

Føremelding for Tverrfjelldilten pr fredag kl 16

Postet av Markane IL den 9. Feb 2018

Det er no 3 plussgrader på Ullsheim (starten) og ca 0 grader på høgaste punkt i løypa. Idag har det vel vore typisk rubbføre eller liknande, men det er meldt noko kaldare til imorgon. Nedbøren som er meldt i natt reknar ein med kjem som regn/sludd nede og som snø i høgda. Vi prøvar å oppdatere føremeldingar etterkvart.




1 Kommentar

Løypeinformasjon for Tverrfjelldilten 2018

Postet av Markane IL den 9. Feb 2018

Det er no utlagt oppdatert informasjon om løypene på Tverrfjelldilten

Tverrfjelldilten info løyper 2018.pdf


0 Kommentar

Verrapport for Tverrfjelldilten

Postet av Markane IL den 9. Feb 2018

Denne veka har det snøa 10-15 cm i området der løypa går.  Fredag 9. febr.  ser det ut som de kan kome litt snø til, men små mengder.  Temperaturen ligg kring 0 grader, men kanskje litt på minus.  På renndagen laurdag ligg tempraturen så vidt på minus og det er ikkje meldt om nedbør.  Det kan bli ein bra dag utan dei heilt store smuringsproblema.

Det blir liten eller ingen smurningslitasje.  Ein blå voks som går frå 0 til minus 2 kan sjå ut til å høve.  

Per Hatledal  ( løypesjef )


Om de går inn på Tverrfjelldiltenlenka oppe til høgre, er der også lagt ut meir informasjon om årets løyper.


0 Kommentar

Meld deg på Tverrfjelldilten 2018

Postet av Markane IL den 5. Feb 2018

Torsdag 8.februar kl. 2359 går påmeldingsfristen til årets Tverrfjelldilten 2018 ut, men meld deg gjerne på først som sist om du veit at du skal vere med! 

Vi minner om at det også vert arrangert distanserenn for yngre klasser. Alle informasjon finn du om du går inn på Tverrfjelldilten i menyen eller på lenka her.


0 Kommentar

Løypekart til Tverrfjelldilten 2018

Postet av Markane IL den 5. Feb 2018

Her ligg løypekarta til årets Tverrfjelldilten 2018:

Løypekart Tverrfjelldilten 2018


0 Kommentar

Cuprenn i klassisk stil tysdag 30.januar

Postet av Markane IL den 28. Jan 2018

Det vert cuprenn tysdag 30.januar. 

Påmelding frå klokka 17.50, og fyrste start ca. klokka 18.30.

Rennet går i klassisk stil. 

Nedanfor finn du funksjonærliste for dei to første renna:

Funksjonærar cuprenn 2018 (renn 2 og 3).pdf

Vel møtt!


0 Kommentar

Resultatliste frå KM fellesstart i skiskyting 21.1.2018

Postet av Markane IL den 21. Jan 2018

Søndag 21.januar vart det arrangert KM i fellesstart i skiskyting på Ullsheim.

Her er resultata:

Resultatliste frå KM fellesstart i skiskyting 21.1.2018


0 Kommentar

Resultat frå KM sprint skiskyting på Ullsheim 20.januar

Postet av Markane IL den 21. Jan 2018


Her finn du resultata frå KM sprint skiskyting på Ullsheim laurdag 20.januar.


Resultatliste KM sprint 20.1.2018


0 Kommentar

Startliste til KM sprint i skiskyting 20.1.2018

Postet av Markane IL den 19. Jan 2018

Her kan du finne startlista til KM sprint i morgon 20.1 på Ullsheim.

NB! Vi minner om at det er avtalt i SFSSK at det skal avholdes lagledermøte før hvert kretsrenn. Alle klubbene skal stille en legleder / representant på møtet som er et kort møte på standplass 10 min før innskytinga starter – dvs kl 11.20.  Her blir det informasjon fra TD, Rennleder og Standplasssjef om hvordan vi avvikler rennet.(Klubber som ikkje møter her må kontakte standplassjef og avklare hva som er avtalt på møtet før de starter innskyting.)


SkiSkyting_Startliste18_01_2018_21_51_05.pdf


0 Kommentar

Innbyding til Tverrfjelldilten 2018

Postet av Markane IL den 18. Jan 2018


Innbydinga til Tverrfjelldilten 10.2.2018 er no klar. Påmeldingsfrist er  8 .februar og påmelding skal skje via Eqtiming. 

"Tverrfjelldilten" er det einaste rennet i Sogn og Fjordane som er godkjent som seedingrenn til Birkebeinarrennet 2018.

Rennet vert 40,2 km lang og har både start og målgong på Ullsheim.

I samband med Tverrfjelldilten vert det også arrangert distanserenn for aldersgruppa 11-16 år.

Distanserennet går som klassisk med fellesstart for følgjande klassar:

- G/J 11 - 12 år: 3 km - G/J 13-14 år: 5 km - G/J 15-16 år: 10 km 

Påmeldingsavgifta er kr 150,- og dei melder seg på som til Tverrfjelldilten www.eqtiming.no 

Puljevis start etter hovudstarten på Tverrfjelldilten 40 km som er kl. 12.00.

D.v.s. første start i distanserenn blir ca. kl 12.10. 

Innbyding 2018

Innbyding til Tverrfjelldilten 2018

Påmelding 2018

Du melder deg på Tverrfjelldilten her : Eqtiming

Meir om rennet finn du under lenka Tverrfjelldilten i toppmenyen og på Tverrfjelldilten si facebookside.


0 Kommentar

Innkalling til omframt årsmøte i Markane IL måndag 29.januar kl.1930

Postet av Markane IL den 18. Jan 2018

Det vert omframt årsmøte i Markane IL måndag 29. januar kl.19.30 på Ullsheim.

Det er ei sak på agendaen.


Sak 1: På årsmøtet 6.desember 2017 mangla det ein kandidat til hovudstyret i Markane IL. Styret har dermed pr. i dag berre fem faste (aktive) medlemer. Det vert derfor helde suppleringsval for å få på plass det siste styremedlemet.


Velkomne!

 

Med helsing

                       Styret i Markane IL           


0 Kommentar

Resultat frå cuprenn nr 2/lagsrenn for MIL i fri teknikk

Postet av Markane IL den 18. Jan 2018

Tysdag 18.januar vart det andre cuprennet for sesongen arrangert på Ullsheim. Rennet gjekk i fri teknikk og var også lagsrenn for Markane IL

Her er resultata frå rennet:

Resultatliste frå cuprenn 2/lagsrenn MIL i fri teknikk Dato: 16.01.2018


0 Kommentar

Cuprenn/lagsrenn i fri teknikk tysdag 16.januar

Postet av Markane IL den 12. Jan 2018

Det vert cuprenn tysdag 16.januar. Rennet er også lagsrenn for Markane IL i fri teknikk.

Påmelding frå klokka 17.50, og fyrste start ca. klokka 18.30.

Rennet går i fri teknikk. Fellesstart for løparar 13 år og eldre, 12 år og yngre har enkeltstart.


Nedanfor finn du funksjonærliste for dei to første renna:

Funksjonærar cuprenn 2018 (renn 2 og 3).pdf

Vel møtt!


0 Kommentar

Resultatliste frå SSF-cup stafett 7.1.2018

Postet av Markane IL den 7. Jan 2018

Resultata frå SSF-cup stafett ligg på Eqtiming: Eqtiming


0 Kommentar

Mista noko på SSF-stafett?

Postet av Markane IL den 7. Jan 2018


Dette vart gløymt att på Ullsheim etter SSF-stafett 7.1.2018:
1. Swix-bukse 140cm merka med Oda
2. Raud og blå paraply
3. Trimtexjakke str M
4. Svart bukse med kvite striper merka Torgrim
5. Ein buff (svart og kvit)
6. Bendit drikkebeltet, lilla,  merka Støfring


0 Kommentar

Resultatliste frå Ullsrennet 6.1.2018

Postet av Markane IL den 6. Jan 2018

Her er resultatlista frå Ullsrennet 2018:

Resultatliste Ullsrennet 2018


0 Kommentar

Startliste til SSF-cup stafett på Ullsheim 7.1.2017

Postet av Markane IL den 6. Jan 2018

Startlista til SSF-stafett søndag 7.1.2018 ligg her: Eqtiming

Eventuelle feil/endringar kan meldast til monica@termopartner.noeller ved start søndag så tidleg som mogleg.


0 Kommentar

3.plass til Johan Eirik Meland under normaldistansen på Lygna.

Postet av Markane IL den 6. Jan 2018

Johan Eirik Meland kom på tredjeplass på normaldistansen på Lygna (Arkivfoto frå NM på Sirdal: Nordfjord Team)

Johan Eirik Meland kom på bronseplass i menn senior på normaldistansen under Norgescupen på Lygna. Med fire fulle hus var han 1 min 54 sek etter klassevinnar Erlend Bjøntegaard. Andreplassen gjekk til Vemund Ravnsborg Gurigard, 1 min 25,3 sek etter vinnaren. Jarle Midthjell Gjørven kom på 35.plass i same klassa.

I klasse M19 kom Aksel Mathias Meland på femteplass. Med tre tillegg var han var 3.59 min etter klassevinnar Sigurd Leren frå Vingelen IL som skaut feilfritt. I same klassa vart Johan-Olav Smørdal Botn nr 9 og Vegard Skrede nr 20.

Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på 13.plass i klasse M18. Med total sju tillegg var han 4 min 40 sek etter klassevinnar Mats Øverby som berre hadde to tillegg.

Isak Hopland vart nummer 14 i klasse M20-21. Med eit tilleggsminutt var han 4 min 7 sek etter klassevinnar Alexander Fjeld Andersen. I same klassen vart Håkon Midthjell Gjørven nr 51 og Erlend Bakken nr 54.

I klasse M17 vart Sivert Raddum Skaug nr 19, Magnus Midthjell Gjørven nr 23 og Torjus Engeset Woldsund nr 61.

Sigrid Flo Bødel kom på 17.plass i klasse K18-19. Ho var  5 min 42 sek etter vinnar Uqulek Astri Slettemark. Kari Alsaker og Anne Marie Roset kom på høvesvis 54. og 57.plass i klassen.

  

 

 

Komplette lister på eqtiming: http://www.eqtiming.com

Lokale resultat:

 

 


0 Kommentar

Mista noko på Ullsrennet??

Postet av Markane IL den 6. Jan 2018


Saknar du noko etter Ullsrennet 2018. Tinga på fotoet låg att etter rennet.


0 Kommentar

Startliste til Ullsrennet 2018

Postet av Markane IL den 5. Jan 2018

Her er startlista til Ullsrennet  2018 (oppdatert 5.1.2018 kl.18.50)

StartListe05_01_2018_18_51_25.pdf

Lista ligg også på www.eqtiming.com


0 Kommentar

Løypekart Ullsrennet 2018

Postet av Markane IL den 2. Jan 2018

Her ligg alle løypekart til Ullrennet laurdag 6.januar 2018:

Løypekart Ullsrennet


0 Kommentar

Innbyding til Ullsrennet og SSF-stafett på Ullsheim

Postet av Markane IL den 2. Jan 2018

Markane IL innbyr til Ullrennet i fri teknikk/SSF-cup rekrutt og SSF-stafett (klassisk-fri-fri) på Ullsheim 6. og 7.januar.

NB! Alle deltakarar på Ullsrennet som har eiga brikke, må ta den med seg då ho skal brukast.

Online påmelding innan onsdag 3.januar kl.23.59.

Dei som representerer Markane kan melde seg på via min idrett eller ta kontakt med Nils (nils@iras.as / sms til 92606663) eller sms til Margunn (41628268).

Innbydingane finn du her;

Innbyding Ullsrennet 2018

Innbyding SSF-cup stafett


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline