Kategori
Ullsheim 30.5.2015:
Postet av Markane IL den 22. Mai 2015
Innbyding til Finn fram dagen 2015
Markane IL-orientering arrangerer i samarbeid med Barnas Turlag: FINN FRAM DAGEN 2015 -ein familiedag med aktivitetar for store og små laurdag 30. mai. Start frå kl. 13.00 Stad: Ullsheim
Program:
To løyper -ein for nybyrjarar og ein for dei med litt erfaring. Stafett med karttegn. Rakettløype. Kompass-poster og natursti.
Det vil bli enkel servering med pølser og frukt.
Det blir sal av årets TURORIENTERING og høve til å finne dei første tur-o-postane på Ullsheim. Nytt av året er at det er åtte postar i Kamben (Stryn). Det vert også tur-o-postar på Tverrfjellet -når snøen er vekk.
VI ØNSKJER NYE OG GAMLE O-LØPARAR VELKOMNE! Innbyding til Finn fram dagen 2015
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.