Takk til alle som bidrog til årets idrettslagsbasar!

Postet av Markane IL den 4. Nov 2025

Markane IL takkar alle som bidrog til ein vellukka basar og premiefest på søndag 26.oktober. I løpet av eit par timar fekk nærare 100 åregevinstar og 18 loddbokgevinstar ny eigarar. Det vart eit godt resultat der ca 80 000 kr kom inn til laget. Stor takk til alle som bidrog med gevinstar eller med loddkjøp samt alle som har hjelpt til med å få basaren vel i hamn. 

Samstundes med basaren var det også premiefest for sesongen 2024-2025.

Her kan du finne trekningsliste for loddboka:

MARKANE IDRETTSLAG basar gevinster 2025.pdf




Innkalling til årsmøte i Markane IL tysdag 9.desember kl.1900 på Ullsheim

Postet av Markane IL den 4. Nov 2025


Det vert årsmøte i Markane IL tysdag 9. desember kl.19.00 på Ullsheim.

Innkomande saker må meldast til styret seinast tre veker før møtet. Det vil seie seinast tysdag 18. november. Saker skal meldast skriftleg til styret på epost antoniakaretekongsvik@gmail.com 

Saklista vert lagt ut på heimesida ei veke før møtet.

Velkomne!