Markanebadinga startar opp att måndag 31.august kl.1900
Postet av Markane IL den 26. Aug 2020
Markanebading startar opp att i Stryn symjehall måndag 31.august kl.1900-2000 og kjem til å gå kvar måndag framover.
Her er nokre koronatiltak som må følgjast:
1-meterreglen gjeld for heile anlegget, det vil seie at maks tal på personar i følgjande område vert:
- 30 personar i hallen til ein kvar tid
- 10 personar i barnebassenget
- 10 personar i kvar garderobe
- 4 personar i kvar badstue
· Flytebrett og armringar skal ikkje lånast ut.
Badinga er for medlemer i Markane IL. Nye medlemer er velkomne!
På grunn av at det berre er tillete med 30 personar i hallen til ein kvar tid, kan ikkje hallen nyttast til "opphaldsrom" under badinga. Dei som ønskjer å bade er prioriterte og det er ikkje høve til å berre vere med og sitje på land sidan dette vil "ta" ein plass frå dei som ønskjer å bade.
Vel møtt til ny sesong.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024