Ullsheim 18.3.2014:
Postet av Markane IL den 19. Mar 2014
46 deltakarar på cuprenn i klassisk stil
Eirik Bjørlo Sandbakk vel i mål i klasse 11-12 år. Foto: Margunn Hjelmeset
Tysdag 18. mars var cuprenna i sving igjen på Ullsheim. Trass nokre kollisjonar var likevel 46 skiløparar i aksjon i løypene. Rennet gjekk i klassisk stil. 15 stilte opp i den yngste klassa opp til 8 år og 7 jenter deltok i 9-10 års klassa. Ingvild Hatledal deltok i klasse kvinner UH 18 år.
I klasse jenter 11-12 år gjekk klassesigeren til Maren Hjelmeset Kirkeeide medan Oskar Guddal Breivik vann guteklassa. Simon Hjelmeset Kirkeeide var raskast i klassa for gutar 13-14 år. Aksel Mathias Meland som skal ut å gå Young Star i Holmenkollen torsdag, gjekk til topps i klasse 15-17 år. I klassene for dei frå 18 år og oppover vart det klassesiger til Kjetil Svarstad og Åshild Sætren Bøe.
Dato for sesongens siste cuprenn er ikkje heilt bestemt. Dette vert annonsert på heimesida om litt.
Komplett resultatliste frå cuprenn 4 nedanfor. Margunn Hjelmeset har teke fotoa frå rennet.
Resultatliste for cuprenn 4 Klassisk stil Dato 18.3.2014
Snart klart til start. Foto: Margunn Hjelmeset
Rasmus Loen i farta. Foto: Margunn Hjelmeset
Startfeltet i klasse 11-12 år. Foto: Margunn Hjelmeset
Mathea Holien Bø. Foto:Margunn Hjelmeset
Tidtakarane: Sigbjørn Kirkeeide, Kari Tonning og Hildegunn Midthjell Gjørven. Foto: Margunn Hjelmeset
Vegard Lødøen Flo. Foto: Margunn Hjelmeset
Gaute Bø, Georg Halsteinslid, Isak Hopland, Erlend Bakken og Aksel Mathias Meland. Foto: Margunn Hjelmset
Ingvild Hatledal. Foto: Margunn Hjelmeset
Thomas Eikenes Tjellaug. Foto: Margunn Hjelmeset
Emma Berstad Hjellbakk. Foto: Margunn Hjelmeset Kirkeeide
Kristin Almskår og Thea Dispen Lødemel. Foto: Margunn Hjelmeset
Kake i lagshuset etter cuprennet.
Vi gratulerer Johannes Thingnes Bø med innsatsen i verdscupen. Foto: Margunn Hjelmeset
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024