Pokljuka 9.3.2014:
Postet av Markane IL den 9. Mar 2014
5.plass til Johannes Thingnes Bø på fellestarten
Johannes Thingnes Bø gjekk inn til 5.plass på fellesstarten. Foto: TSN
Johannes Thingnes Bø gjekk inn til ei fin femteplass på fellesstarten i Pokljuka. Han byrja med feilfri skyting og var heilt framme i teten. På den andre og tredje skytinga kom det ein bom. Likevel låg han rundt ein 10. plass mesteparten av løpet. Med ein rask og perfekt siste serie gjekk Johannes seg oppover resultatlista og i mål vart det ein solid femteplass.
Fellesstarten vart vunnen av Bjørn Ferry frå Sverige føre Martin Fourcade frå Frankrike. Evgenij Ustyugov frå Russland vart nummer tre medan Emil Hegle Svendsen tok fjerdeplassen.
Tarjei Bø stod over dagens fellesstart.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024