Aktivitetar i vinter:
Postet av Markane IL den 9. Jan 2012
LANGRENNSTRENING
NB! Første gong er alt tysdag 10.januar!
Skigruppa vil starte opp med langrennstrening for born i alderen 10 år (4.klasse) - 14/15 år.
Dette blir på dei tysdagane det ikkje vert arrangert cuprenn.
Kjetil Svarstad stiller på som trenar (+ ein hjelpetrenar)
Fyrste trening blir tysdag 10.januar kl 18.30 - 20.00.
Stilart den fyrste dagen er skøyting.
Dei andre datoane for trening er: 24.jan, 7.feb, 21.feb, 6.mars, 13.mars, 27.mars - vi kjem tilbake med endeleg oversikt på kva stilart det skal vere på dei einskilde treningane.
CUPRENN
Datoar for cuprenna:
17.januar - klassisk
31.januar - fristil, m/innlagt lagsmeisterskap
14.februar - klassisk
28.februar - fristil
20.mars - ski-cross
Påmelding frå klokka 18.00, start klokka 18.30/18.45
Startkontigent: Born (u. 15 år): kr 30 pr gong.
Vaksne (gjeld òg trimklassen): kr 50 pr gong
SKILEIKKVELDAR
For born under 10 år vert det ikkje organisert skitrening denne vinteren. Det vert i staden laga eit tilbod med leikekveldar i skileikbakken og løypene.
Annakvar torsdag fyrer vi opp i Årestova frå klokka 17.00. Då er det mogleg å grille / varme seg litt mat. Ute er leikebakken og løypene klar til å bli brukte.
Vi håpar at dette kan vere eit fritt opplegg der mange born og vaksne kan ha det moro i lag.
Fyrste aktivitetskveld vert 26.januar.
Foreldra har ansvar for sine eigne born, men vi i skigruppa ordnar med å fyre opp i Årestova -
BARNEIDRETTSSKULEN
Vi startar oppatt med ein ny vri og satsar på uteaktivitetar ein gong i månaden. Vi kjem til å nytte helgane som aktivitetsdagar - laurdag eller søndag, alt etter kva som høver best.
Januar, februar og mars blir det skidag for heile familien på Ullsheim, med skileik og tur til skipost/dagens løype.
Det vidare programmet fram til sommarferien ser vi an etterkvart.
Foreldre har ansvar for eigne born. Vi fyrer opp i Årestova.
Oppstart: laurdag 14.januar klokka 12.00
Alle velkomne!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL

Innbyding til Oldestafetten 2025
17.04.2025

Sogn og Fjordane tok NM-gull på stafetten!
02.04.2025

Kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
02.04.2025
Kategori
Arkiv
Mai 2025 (1)
April 2025 (5)
Mars 2025 (22)
Februar 2025 (24)
Januar 2025 (16)
2024 (65)
2023 (26)
2022 (43)
2021 (21)
2020 (51)
2019 (60)
2018 (64)
2017 (93)
2016 (195)
2015 (214)
2014 (264)
2013 (266)
2012 (231)
2011 (201)
2010 (57)
2009 (59)
2008 (70)
2007 (60)
2006 (51)
2005 (68)
2004 (33)
2003 (14)
1753 (1)