Kontiolahti 15.3.2015:
Postet av Markane IL den 15. Mar 2015
Ny VM-bronse til Tarjei Bø på fellesstarten!
Tarjei Bø (t.h) sikra seg nok ein bronse under fellesstarten i VM medan Johannes Thingnes Bø vart nummer seks. Foto: NSSF
Tarjei Bø sikra seg nok ein individuell VM-bronse på fellesstarten i Kontiolahti. Johannes Thingnes Bø gjekk inn til ein sjetteplass.
Det var svært god skyting under fellesstarten. Både Tarjei og Johannes skaut tre fulle hus, men på den tredje skytinga kom det ein bom for Tarjei og to for Johannes. Tarjei gjekk seg tilbake i tetgruppa og med fullt hus på siste skyting gjekk han ut på sisterunden saman med Jakov Fak, Ondrej Moravec og Ole Einar Bjørndalen. På sisterunden var Jakov Fak frå Slovenia raskast og sikra gullet. Ondrej Moravec frå Tsjekkia gjekk inn til sølv medan Tarjei sikra nok ein bronsemedalje. Ole Einar Bjørndalen gjekk inn til fjerdeplass. Johannes Thingnes Bø avanserte godt i feltet og gjekk til slutt inn til ein fin 6. plass.
Vi gratulerer med bronse!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024