Ullsheim 3.2.2015:
Postet av Markane IL den 4. Feb 2015
68 deltakarar på sesongen tredje cuprenn
Nikolai Dispen Lødemel og Sigurd Fotland Fænn gjekk i par i klasse G13-14. Foto: Margunn Hjelmeset
Sesongens tredje cuprenn gjekk i fri teknikk. For klassane 9 år og oppover var det parstart der to og to gjekk ut samstundes. I alt 68 løparar deltok i rennet og nokre deltok for første gong. I klassa for dei som er 8 år eller yngre var det heile 32 som stilte til start medan der var 13 deltakarar i 9-10 års klassa.
I klassane for 11-12 åringar var der åtte deltakarar. Elias Dispen Lødemel vann klasse G11-12 medan Maren Hjelmeset Kirkeeide vann J11-12 år. Sigurd Fotland Fænn tok sigeren i klasse G13-14. Klasse G15-17 vart vunnen av Aksel Mathias Meland medan Anne Marie Roset vann J15-17. I klassa for menn 18 år og oppover gjekk sigeren til Gaute Bø medan Janne Alsaker vann kvinneklassa.
Komplett resultatliste nedanfor. Neste renn er tysdag 10. februar. Då i klassisk stil.
Resultatliste cuprenn 3 fri teknikk sesongen 2015. Dato 03.02.2015.
Ingvild Hatledal og Knut Hatledal.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024