Anterselva 25.1.2015
Postet av Markane IL den 26. Jan 2015
Stafettsiger i verdscupen til Tarjei og Johannes
Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk begge på vinnarlaget i stafett i Anterselva.
Johannes Thingnes Bø gjekk ei flott 3. etappe på det norske laget som vann stafetten i Anterselva i dag. Ole Einar Bjørndalen gjekk første etappe på laget medan Tarjei Bø gjekk på andre. Tarjei brukte eitt ekstraskot på si etappe. Han sende Johannes ut i løypa 38 sekund bak leiande Frankrike.
Johannes hadde ein god dag i løypa. Sjølv om han måtte til med to ekstraskot på første skyting så tok han inn på forspranget til franskmannen Destieux og tyske Ard Pfeifer. Ståande skyting vart gjennomført perfekt og på den siste runden gjekk han opp i ryggen og forbi leiande Ard Pfeifer før han veksla med ankermann Emil Hegle Svendsen.
Emil Hegle Svendsen skaut 10 blanke treff på si etappe mot tyske Simon Schempp sine tre ekstraskot. Dermed vann Norge ein suveren stafettsiger i Anterselva.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024