Seimsåsen 18.1.2015:
Postet av Markane IL den 19. Jan 2015
Tre sigrar og to andreplassar i SSF-cup
Emilie Flo Stavik vann klasse J12 og Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass. Ida Indrebø frå Jotun IL vart nummer tre. Foto:Torstein Breivik.
Markane IL hadde fem deltakarar på startstreken då L Jotun innbaud til renn på Seimsåsen. Rennet var det tredje i årets SSF-cup og gjekk i fri teknikk. Alle deltakarane frå Markane gjorde ein flott jobb i løypa. Det vart tre klassesigrar og to andreplassar denne helga.
I klasse G11 vart det klassesiger til Torje Seljeset. Han var 11 sekund føre Mathias Helgheim frå Førde IL. I klasse J12 vart det dobbelsiger til MIL med Emilie Flo Stavik på førsteplass. Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass, berre to sekund etter Emilie. Oskar Guddal Breivik kom på andreplass i klasse G13. Han var berre ni sekund etter klassevinnaren Thristan Engebø Ullebø. I klasse G15 vart det klar siger til Simon Hjelmeset Kirkeeide. Han var heile 1 min 51 sek føre Kent Ove Sæten frå Hyen IL.
Fleire foto er lagt ut nedanfor. Fotograf: Torstein Breivik
Resultatliste SSF Cup IL Jotun 18 01 2015 .
Oskar Guddal Breivik i farta.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024