Pokluka 19.12.2014:
Postet av Markane IL den 20. Des 2014
7. og 10. plass til Tarjei og Johannes på sprinten
Tarjei Bø gjekk inn til 7. plass i Pokljuka. Foto: NRK (Hochfilzen, 2011)
Tarjei Bø gjekk seg inn til ein sjuandeplass på sprinten i Pokljuka. Han skaut to fulle hus, men hadde litt mindre fart i løypa enn dei aller kjappaste. I mål skilde det 38,1 sek frå Tarjei fram til vinnaren Anthon Shipulin frå Russland. Dominic Landertinger frå Austerrike tok andreplassen 11.9 sek bak vinnaren medan Emil Hegle Svendsen vart nummer tre, 24.1 sek bak vinnaren.
Johannes Thingnes Bø enda til slutt på ein tiandeplass. Han var i tet etter feilfri liggjande skyting, men to bom på ståande vart for mykje. I mål vart det til slutt ein 10. plass, 46.7 sek etter vinnaren.
I morgon er det klart for jaktstart.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024