Puttlingen 10.8.2014:
Postet av Markane IL den 10. Aug 2014
Jarle Midthjell Gjørven nr 5 i "Youngster Team Challenge"
-Johannes Thingnes Bø nr 7 i finalen.
Både Johannes Thingnes Bø og Jarle Midthjell Gjørven var på startstreken då ODLO City-Biathlon vart arrangert for 10. gong i Puttlingen.
Jarle Midthjell Gjørven deltok i "Youngster Team Challenge" der hadde han med seg Tamara Steiner frå Austerrike. Dei kom på ein 5. plass i konkurransen. Sigeren gjekk til Julie Chenevoy og Tom Lahaye-Goffart frå Belgia.
Johannes Thingnes Bø konkurrerte i rulleskiskytingsfinalen med fleire sterke verdscupløparar frå blant anna Tyskland, Russland og Tsjekkia.
Johannes hadde ikkje heilt dagen på standplass. Totalt vart det 11 ekstraskot og tre "strafferundar" på 10 sek kvar. Dermed vart det til slutt ein 7. plass 59.5 sek etter vinnaren Erik Lesser frå Tyskland. Michael Roesch som no representerer Belgia, kom på andreplass 26.9 sek etter vinnaren medan Arnd Pfeiffer frå Tyskland tok tredjeplassen 30.1 sek bak vinnaren.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024